Familien Olsen togar heim til jul
Skrevet av: Bane NOR.
Ute lavar snøen ned. På Sundvollen stasjon står familien Olsen på fire og ser toget komme inn på stasjonen.
- Sjå hunden! ropar Alma entusiastisk og peikar på den krøllete puddelen som kikkar ut vindauget i andre etasje på toget.
Alfred nikkar smilande, og med dottera på fanget rullar han inn på toget i rullestolen. Mamma Naomi følgjer etter med vesle Samuel i barnevogna. På Oslo S bytar dei kjapt til toget som skal ta dei nordover til Bodø. Alfred har sett frem til denne ferien, og ikkje minst til den store nyttårsfeiringa med barndomsvenene når dei skal feire inngangen av 2050 med ein storslått fest på toppen av byfjellet.
Dei finn sovevogna si, og kort tid etter køyrer toget.
- Sjekk den då, Alma, seier Alfred og peikar på bagasjehylla over senga som er forma som ei togskinne.
Den spesielle hylla har vunne designpris, og på plaketten festa til den står det; «Denne hylla har tidlegare vore ein del av fronten på den siste dieseldrivne vedlikehaldsmaskina som blei brukt i Noreg fram til 2038». Alma gløttar så vidt opp, men er meir oppteken av å sjå ut vindauget på dei mange godstoga som køyrer i sporet ved sida av. Ho hviner av glede når dei susar forbi.
Dei passerer store snødekte åkrar, og køyrer parallelt med E6 eit stykke forbi Gardermoen. Etter at Naomi blei mor, har miljø blitt viktigare og ho legg merke til dei få bilane på vegen. Har alle teke toget? tenkjer ho.
Stjernene blinke på den svarte nattehimmelen, mens ei rådyrmor tråkkar i den djupe snøen og lager stiar til de to små som kjem etter.
I Fauske kjem Erling om bord på toget. Han har gledd seg stort til å feire jul med heile familien, og særleg har han sett fram til å møta nevøen Samuel for første gong. Med hyppige avgangar, knyter jernbanen bygd og by endå tettare saman, og det har aldri vore enklare å komme seg heim til jul.
- Hallo veslegut, seier Erling stolt og løftar Samuel opp av vogna. Han har så vidt rokke å børste snøen frå jakka i iveren etter å halde nevøen.
Naomi lenar seg tilbake i sofaen. Med 12G på mobilen surfar ho raskt gjennom dagens avisar, og les at Bane NORs arbeid med vedlikehald av jernbanen har gjort at dei har pensjonert ordet signalfeil og togene er i rute.
- Snart er vi framme hos besta og besten, så no må du pakka ned puslespelet, Alma, seier Alfred.
Alma legg bitane i eska, og frå høgtalaranlegget høyrer dei stemma til konduktøren; «God formiddag alle saman. Om kort tid ankjem vi endestoppet, Bodø. Vi er glade for at dykk valde å reisa med oss, for hugs ‘når vi tek toget, set vi mindre spor’, og ingenting er vel betre enn det. Vi ønskjer dykk ein flott dag vidare og ei riktig god jul!»
Ute lavar snøen framleis ned når toget køyrer inn til Bodø stasjon, kor ei spent besta og besten står.
- Tenk at det går an å reise 1200 km på under 12 timer. Mykje bra har skjedd dei siste 25 åra, seier besten til besta og vinkar til Alma som smilar til dei gjennom vindauget.