Noreg i 2050: Liv og virke innanfor planetens tolegrenser

Skrevet av: WWF Verdens Naturfond

Det var ein bratt vindfull veg, å gå gjennom den grøne omstillinga. I fleire år føregjekk det oppheita diskusjonar, for oljebransjen si forteljing hadde djupt feste hos mange nordmenn, og det var krevjande å innsjå at me måtte redusere vårt forbruk av natur og ressursar. Men då Trump igjen tok til som president i USA, råvareprisar gjekk i taket, og ekstremvêret raserte stadig fleire avlingar, heimar og infrastruktur, blei det klart for folk og næringsliv kva side av historia me ville være på.

No er me i 2050. Noreg yrer med liv og me har klart å skape eit samfunn med mindre forbruk av ressursar, meir natur og mindre utslepp. Næringsbygg og hustak er kledd i solceller og grøne torvtepper som gjev oss rein, fornybar energi og tek unna styrtregn. I byane leikar borna i dei mange byhagane. Syklistar susar forbi på sykkelvegar som bind bydelane saman. Det står nesten ikkje ein bil parkert, då folk deler i staden for å eige. Me går, syklar og nyttar kollektivt, ikkje berre fordi det er bra for miljøet, men fordi det er praktisk. Energieffektive nullutsleppstog og -fly gjer at me me kan reise båe lokalt og globalt. By og bygd er knytt tettare saman av raske og miljøvenlege transportløysingar, og med nye metodar i jordbruket, og vekst i lokale og berekraftige industriar, har det vore ei revitalisering i distrikta. Me har fått ein heilt anna respekt for energi som ein avgrensa ressurs. Med solceller, varmepumper og energieffektive apparat har hushaldningar og næringsliv klart å redusere energibruken. Energieffektivisering er no integrert i kvardagen. Ingen treng å ofre komfort eller livskvalitet, men lønast når dei gjer tiltak som reduserer straumforbruket.

Ein lang og vindfull veg

Vegen til eit berekraftig Noreg har vore krevjande. Sjølv om stadig meir ekstremvêr, flaum og skred auka engasjement og bevisstheit, var det berre ein del av det større bilete. Me såg at raske løysingar ikkje var mogleg og resultatet frå klimakampen ville ikkje kome over natta; langsiktige tiltak måtte på plass, noko som kravde uthald og tillit. Me hadde nok ikkje vore der me er i dag hadde det ikkje vore for målretta politiske grep som skapa dei rette rammene for omstillinga. Avgjerande for den politiske viljen, var at næringslivet gjekk føre med handling og støtta politiske avgjerder som kunne smerte på kort sikt. Då den eine verksemda etter den andre kunne vise fram konkrete løysingar, motiverte det båe folk og politikarar. Det var òg utslagsgjevande at forsikringsbransjen og investorar sette strengare krav, av omsyn til natur og klima, for å redusere risiko.

Auka konkurransekraft med redusert ressursforbruk

Midt på 2020-talet stilte stadig fleire spørsmålet om kvifor me skulle fortsetja å øydeleggje skog, fjell og hav i jakta på store mengder nye råvarer, når veldig mykje av det me trengte allereie er i omløp. For å få kontroll over vårt overforbruk blei det difor satt eit nasjonalt mål for å redusere Noreg sitt materielle fotavtrykk. Dette blei forsterka av ein heilskapleg grøn skattereform som løna miljøvenleg åtferd, og gjorde det dyrare med produkt og tenester som hang fast i det fossile og lineære. Dette gav næringslivet den føreseielege tryggleiken dei trengte for å investere langsiktig i den sirkulære omstillinga. Dei verksemda som gjekk føre, som reduserte sitt fotavtrykk og blei meir sirkulære opplevde redusert risiko og auka konkurransekraft.

Politisk semje om behovet for meir natur

På 2020-tallet innsåg me endeleg at det ikkje lenger kunne vere gratis å byggje ned natur. Prinsippet om forureinar-betaler blei utvida, det blei satt rammer som gjorde det dyrare og vanskelegare å byggje ned natur. Stortinget klarte å lande på eit breitt politisk forlik, som sette strenge krav til utbygging og sørga for at all ny utvikling måtte balanserast med omfattande tiltak for restaurering og kompensasjon. Me fekk oversikt over vore grå areal og det som tidlegare var utbrukte bygg og asfalterte flatar, er no område for grøn industri og frodige grøntområde der fuglar og insekt bur.

I tida fram til 2050 har me klart å beskytte mykje natur, båe på land og i havet. Område som tidlegare blei utarma har blitt restaurert, til glede for folk og artene me lever saman med. Naturen er no ein integrert del i Noreg si klimalovgjevnad, der krav om auka karbonlagring, restaurering og bevaring av økosystem er sentrale element. Naturen er blitt vår viktigaste allierte i kampen mot klimaendringane, og Noreg har blant anna intensivert sitt internasjonale samarbeid for å beskytte regnskog og marine økosystem.

Naturen inn i helsepolitikken

No i 2050 har me i fleire år hatt natur som ein integrert og viktig del av vår helsepolitikk. Forsking har for lang tid sidan bevist det me lenge har følt på kroppen: at tid i naturen gjer oss ro i sinnet, reduserer stress og styrkar immunforsvaret. Allereie midt på 2020-talet tok stadig fleire fagfolk innan helse og omsorg til orde mot nedbygging av nærnaturen, for dei frykta for negative konsekvensar for folkehelsa. Dette medførte at auka bevisstheit om vern av nærnatur i byer og tettstader samstundes som natur blei tatt i brukt aktivt som ein ressurs for folkehelsa. Me skulle endeleg få natur på grøn resept.

Nye industriar

Næringslivet har gått gjennom ei stor omvelting. Dei nasjonale måla for å redusere det materielle fotavtrykket skapa nytenking, men reisa har ikkje vore utan utfordringar. Det var mange bedrifter som ikkje klarte omstillinga – dei som heldt fast på gamle lineære og fossilbaserte modellar måtte til slutt kaste inn handkleet. Bedrifter som tidleg omfamna sirkulærøkonomi klarte å tilpasse seg, og vaks gjennom innovasjon. Dette har ført til eit mangfald av moderne gründerar som har revolusjonert måten me tenkjer på ressursbruk og berekraft. No har mange nye industriar vakse fram – mange me ikkje kunne sett føre oss på midten av 2020-talet – som opererer innanfor planeten sine tolegrenser. Ved å nytte smarte, teknologiske løysingar, har Noreg skapa arbeidsplassar som er forankra i berekraft, sikra konkurransekraft og beskyttelse av naturressursane vore.

Ein berekraftig og konkurransedyktig havnasjon

På midten av 2020-tallet blei planane om gruvedrift på havbotnen lagt i skuffa, i staden laga myndigheitene planer for korleis Noreg skulle klare å omstille seg vekk frå olje og gass. Eksportinntektene frå innovative, berekraftige produkt og tenester som grøn energi, tareproduksjon og berekraftig fiskeoppdrett og anna som WWF i 2024 ikkje hadde fantasi til å tenke ut, erstatta utover 2030- og 2040-tallet dei fossile. Med innføringa av strengare miljøkrav og innovasjon i oppdrettsanlegg har næringa gått frå å vere ein miljøsyndar til ein global føregangsmodell. Anlegga beskyttar no båe fisken og miljøet rundt, noko som har bidrege til at livet i fjordane blømer igjen. Fiskarar kan med stoltheit levere rein, fersk fisk til båe nasjonale- og internasjonale marknader.

Det var en trong fødsel for norsk havvind, men då politikarane bestemte seg for å bruke omstillingsavgift frå oljebransjen til ei storstilt satsing og me verkeleg kom i gang, opplevde norske verksemder eit klart fortrinn i den internasjonale konkurransen. Årsaka var at me frå start fekk på plass kriterium for at utbygginga skulle skje på naturen sine premissar. Det skulle vise seg å vere ein stor fordel då stadig fleire land integrerte strenge miljøkrav i sine konsesjonsutlysingar.

Ingen står att på perrongen

Denne kombinasjonen av teknologiske framsteg og politiske grunnlag har altso lagt grunnlaget for den suksessen me ser i dag. Noreg har i 2050 ikkje berre redusert utsleppa; me har bygd ein ny måte å leve på, der innovasjon og tilpassingsevne har ført oss til eit liv tett på naturen og gitt oss ei djupare forståing for verdien av ressursane vore. Dette har gitt oss ei ny ro, og me har meir tid i naturen og tid med kvarandre. Velstand blir ikkje lenger målt i økonomisk vekst åleine, men i livskvaliteten til folk. Aldri før har so mange hatt tilgang til grøne områder, båe i og utanfor byane og me nyttar naturen aktivt som har hatt stor verknad på helsa vår. I staden for å jage etter meir, har me lært oss å verdsetje det me har. Med innovasjon som drivkraft har me skapt ein økonomi som ikkje berre er berekraftig, men òg inkluderande, der ingen står att på perrongen. Det kan me ikkje minst takke innføring av karbonavgift til fordeling for. Allereie i 2030 hadde våre politikarar sikra ei progressiv avgift på karbonutslepp, der avgifta blei tilbakebetalt til folket. Då folk faktisk fekk oppleve at det løna seg for lommeboka å velje transportform, produkt og tenester med minst mogleg utslepp, skapte det store endringar.

Det er i samspelet mellom teknologi, politikk, og natur at Noreg har funne eit vis der folk lever i balanse med miljøet og kvarandre. Noreg står i 2050 som eit eksempel på at gjennom modige politiske grep, teknologisk innovasjon og mobilisering blant folket, kan liv og virke gå føre seg innanfor planetens tolegrenser. Folk trivst med sine ulike liv, og felles for oss alle er vissheita om at me overlèt natur og livsgrunnlag i god stand til dei som kjem etter oss. Så kan me glede oss over at nye generasjonar har gode moglegheiter til å finne sine vis å leve liva sine på. Dette er historia om korleis håp blei til handling – og handling skapte ei grøn framtid som me alle er ein del av.